NVE har sett nærare på verknaden av tillit i tilsynsprosessen
Er tillit ein føresetnad eller eit hinder ved kontroll av etterlevinga av krav? Dette spørsmålet diskuterer ei forstudie gjennomført av NVE.
Studien tek utgangspunkt i råda som St.meld. nr.17 (2002-2003) gjev om tilsynsmetodikk og kor nær denne er tilsynspraksisen som NVE har i dag. Intervjuobjekt frå eit utval tilsynsmyndigheiter, tilsynsobjekt og akademia har gjeve sine vurderingar om betydninga av tillit i tilsynsprosessen.
– Tillitsbasert tilsyn forutset at tilsette hjå tilsynsobjektet og hjå tilsynsmyndigheita er ærlege. Ein open og ærleg dialog blir opplevd som viktig for at relevant informasjon blir delt. Dialog er naudsynt både for å byggje opp tillit, og for å ta vare på den, seier seksjonssjef Eldri Holo.
Studien er eit forarbeid for vidare utvikling av NVE sin tilsynsmetodikk, og den er inspirert av kritikken som Riksrevisjonen retta mot NVE sitt arbeid med IKT-sikkerheit i 2021.
– Rapporten er ei første kartlegging og kunnskapsstatus som vi kan bruke som grunnlag for vidare arbeid med å utvikle tilsynsmetodikken i NVE, seier Holo.