NVE lanserer varslingsplakat for Kraftforsyningens beredskapsorganisasjon (KBO)
NVE innfører enklare rutinar for rask deling av informasjon under hendingar i kraftforsyninga. Rutinane er oppsummert i ein varslingsplakat. Den enkelte verksemda (KBO-eininga) kan tilpasse varslingsplakaten med kontaktinformasjon til relevante samvirkeaktørar.
Viktige verksemder i kraftforsyninga utgjer KBO. NVE har som beredskapsmyndigheit ansvar for å samordne beredskapsarbeidet under beredskapssituasjonar. Behovet for å innhente informasjon om uønska situasjonar i kraftforsyninga frå KBO-einingane og kraftforsyningas distriktssjefar (KDS) er viktige element.
Som ein del av revidering av Retningslinjer for varsling og rapportering, lanserer NVE ein varslingsplakat for KBO. Varslingsplakaten skal inngå som ein del av KBO-einingane sine varslingsrutinar. Den skal bidra til at KBO-einingane varslar NVE ved alle uønska situasjonar.
NVE skal varslast om alle ekstraordinære situasjonar
Etter kraftberedskapsforskrifta § 2-5 skal NVE varslast om ekstraordinære situasjonar. Dette varselet skal kome til NVE si beredskapsvakt på telefon og/eller e-post. Varsling skal skje utan ugrunna opphald, og det er ikkje behov for at KBO-eininga har full oversikt over situasjonen før varselet vert sendt.
Plakaten kan tilpassast
Varslingsplakaten kjem i eit format som gjer at KBO-einingane sjølv kan gjere endringar for å tilpasse plakaten til si verksemd. Det kan til dømes leggast til distrikt og telefonnummer/e-post til KDS. Nokre av verksemdene har også fleire KDS-distrikt å forhalda seg til.
I høyringsrunden fekk NVE tilbakemelding på at det hadde vore nyttig å kunne notere andre telefonnummer inn i varslingsplakaten, som t.d. politiet eller PST. Me har lagt opp til at verksemda sjølv kan prioritere dei kontaktpunkta som er viktigast for seg.
NVE kjem til å arbeide vidare med å ta innhaldet frå Retningslinjer for varsling og rapportering inn i Veiledning til kraftberedskapsforskriften, samt revidere vedtak om Beredskapsmessige kommunikasjonsmidler i KBO.