Publisert 27.06.2023 , sist oppdatert 28.06.2023

310 millionar til sikring i 2022

Samla sett sikra NVE for 310 millionar kroner i 2022. Dette kjem fram i årsrapporten for utførte sikrings- og miljøtiltak. Året har vore prega av stor aktivitet, der mellom anna område i kommunane Sunnfjord, Mjøndalen og Longyearbyen har vore prioritert. I tillegg held sikringsarbeidet med kvikkleireskredet i Gjerdrum fram.

Sikringstiltak i Longyearbyen som sikrar mot snøskred frå Sukkertoppen. Foto: NVE / Arni Jonsson

34 sikringstiltak ferdigstilt
Årsrapporten syner at 34 sikringstiltak er ferdigstilt i 2022. Av dei totalt 310 millionar kronene som gjekk til sikringsarbeidet, vart om lag 88 millionar betalt ut til kommunane som tilskot. Grovt sett vart også 2 millionar kroner utbetalt som tilskot til private aktørar. Rapporten omfattar sikrings- og miljøtiltak spreidd utover regionane nord, aust, midt, sør og vest.

-Det er stas å sjå at året har vore prega av stor aktivitet, og at so mange som 34 tiltak er sluttført, fortel Brigt Samdal, direktør for skred- og vassdragsavdelinga. Det er klart at det omfattande arbeidet med å sikre etter kvikkleireskredet i Gjerdrum spelar ei stor rolle i prioriteringane våre. Planen framover er at dette sikringsarbeidet vil sluttførast mot slutten av året i år, seier Samdal.


Sikringsarbeid i Gjerdrum.

Sikring mot ulike naturfarar
Region midt har retta over 50 % av tiltaka mot sikring i kvikkleireområder. I arbeidet med jordskred i Eggaveien i Meråker og erosjon i Gaula i Melhus har fagleg bistand og økonomisk innsats vore nødvendig. Region nord har ferdigstilt delar av dei omfattande sikringstiltaka i Longyearbyen som sikrar mot snøskred frå Sukkertoppen.

I likskap med dei siste åra, har store skred- og flaumhendingar ført til akuttvurderingar og krisetiltak i region vest. Av ferdigstilte prosjekt kan to skredsikringsanlegg i Sande sentrum i Sunnfjord trekkast fram.


Arbeid med skredsikringsanlegg i Sande

Region sør held god framdrift i flaumsikringa av Mjøndalen i Drammen, medan region aust, i tillegg til Gjerdrum, har fokusert på sluttføring av sentrumssikringa i Brandbu i Gran. Dette vart feira med folkefest og offisiell opning med statsråd Terje Aasland 25. mai i fjor. Dette er eit av NVE sine største anlegg for flaumsikring og har vore i arbeid sidan 2020. Prosjektet har hatt kostnadar på over 130 millionar kroner.

Arbeidet framover
I tillegg til arbeidet med å ferdigstille pågåande sikringstiltak, er planar om framtidige tiltak allereie i gong i kvar region. Region vest har m.a. begynt vurderingar knytt til mogleg drenering av fjellskredpartiet Åknes. Region midt vil fortsette med flaumsikring i Vuku i Trøndelag, som er planen å sluttføre i løpet av året. I tillegg har ein oppretta ei ekspertgruppe som skal vurdere skredfaren i Mosjøen sentrum.



Foto fra Vuku i Trøndelag.

I region sør er det planlagt vidare sikring av Mjøndalen sentrum for 2023, samstundes som regionen også er tungt involvert i region aust sitt arbeid med Gjerdrum. I region aust er flaumsikring av Bismo sentrum i Skjåk no i gang, og ein er i planleggingsfasen for tiltak både i Otta sentrum og Vågåmo. Region nord har særleg fokus retta mot ferdigstilling av flaum- og skredsikring i Longyearbyen på Svalbard.

Les årsrapporten i sin heilskap her.

Kontakt
Siss-May Edvardsen, seksjonssjef 
Tel: 95 29 01 14
E-post: sme@nve.no