Ber om innspel til skredfarekartlegging i Aurland, Bergen, Senja og Årdal
NVE har fått utført skredfarekartlegging av potensielt skredutsatt busetnad i Aurland, Bergen, Senja og Årdal. Rapportane frå denne kartlegginga er no lagt ut på offentleg høyring med frist 31. januar.
NVE ønsker tilbakemelding på feil og manglar i rapportar og kart. Tilbakemeldingane vil bli gjennomgått av konsulenten som har utført kartlegginga og både tilbakemelding og konsulenten si vurdering vil inngå som vedlegg i den endelege rapporten som publiserast på NVE.no.
Rapport og faresoner er foreløpige og kan ikkje brukast i sakshandsaming.
Kontaktperson
Odd Are Jensen, overingeniør skred
Telefon: 94 50 73 30
E-post: oaj@nve.no