Publisert 23.08.2021 , sist oppdatert 24.08.2021

Kan vi nytte klimadata på ein betre måte ved utgreiing av jord- og flaumskredfare?

Eit FoU-prosjekt gjort av NGI har undersøkt om det finst betre grunnlag for å gjere klimaanalyse i samband med farekartlegging av jord- og flaumskred. Dette vart gjort ved å studere nedbørsforhold for 1591 skredhendingar. Basert på dette har NGI m.a. gitt nokre tilrådingar til bruk av klimaanalyse i ulike delar av landet.

Jordskred i Viromdalen. Foto: Bjørn Lytskjold/NVE

Behovet for dette FoU-prosjektet dukka opp under utarbeidinga av ny rettleiar for sikkerheit mot skred i bratt terreng. Prosjektet hadde som mål å undersøke om det finst betre grunnlag for å gjere klimaanalyse i samband med skredfarekartlegging.

Kan det utviklast betre statistisk grunnlag for kritiske verdiar for skred?

Hypotesen var at gjennom eit stadig tettare nettverk av nedbørsstasjonar med registrering av timesnedbør, og tilgang på radarbilete, kan det utviklast betre framtidig statistisk grunnlag for kritiske terskelverdiar for skredutløysing (intensitet/varigheit) - også med moglegheit for å analysere om det er skilnad mellom ulike regionar. Det er i dette studiet fokusert på nedbør og snøsmelting, og ikkje jordfuktigheit eller topografiske eller andre lokale faktorar. Det er dermed knytt betydeleg usikkerheit til resultata. Prosjektet er gjort av NGI.

Analyse av nedbør forut for 1591 skredhendingar

1591 jord- og flaumskredhendingar vart gjennomgått manuelt for å sikre tilstrekkeleg datakvalitet. Det vart henta tilhøyrande nedbør- og snøsmeltedata og IVF-kurver til skredhendingane. Eit viktig resultat av prosjektet er difor også eit stort datasett med skred og tilhøyrande vêrdata, som går an å gjere vidare analyser på.

Det vart gjort analysar av nedbørsmengder og varigheit forut for skredhendingane. NVE sit forslag til jordskredregionar er brukt for å studere regionale skilnadar.

Ut i frå analysane er det laga figurar med:

  • fordeling av kritisk varigheit innanfor dei ulike klimaregionar
  • fordeling av tidspunkt for kvar skredhending angitt med årstid
  • antall hendinger der snøsmelting er antatt å ha betydning for skredutløysinga
  • kritisk nedbørmengd innanfor dei ulike klimaregionane

Tilrådingar

Basert på dette er det m.a. gitt nokre tilrådingar når det kjem til kva varigheit av nedbør ein bør sjå på i klimaanalysar, i ulike regionar. Til dømes, for heile landet er det 6-24 timarsnedbør ein bør sjå på i klimaanalysen, medan for Østlandet og Troms bør ein også sjå på kortare varigheit, ned mot 1-3 timar.

Det er ikkje funne tydlege skilnadar på kritiske nedbørsverdiar mellom ulike regionar, men antek ein at skred skjer under ekstreme nedbørshendingar, relativt til landsdelen, kan verdiar MET brukar i farevarsel for regn/styrtregn brukast som indikasjonar på kritiske nedbørsverdiar.

Kontaktpersoner

Sunniva Skuset

tlf. 90 18 33 99