Kartlegg faren for skred i Bergen, Aurland, Senja og Årdal
Som ein del av den nasjonale skredfarekartlegginga blir det i desse tider utført feltarbeid i kommunane Aurland, Bergen, Senja og Årdal. NVE brukar kompetente fagekspertar frå Multiconsult AS, Norges geotekniske institutt og Skred AS i arbeidet.
Konsulentane kartlegg faren for jordskred, flaumskred, sørpeskred, steinsprang, steinskred og snøskred.
Faresonekartlegging består av forarbeid, feltarbeid, modellering og samanstilling av data. I feltarbeidet er det viktig å undersøke områder der skred kan starte og områder der det kan ha gått skred før. Det betyr at fagekspertane gjerne er å sjå i terrenget over og bak dei øverste husrekkene.
Etter planen vert faresoner og rapport lagt ut til offentleg høyring over nyttår, med ferdigstilling og overlevering til kommunane i mars 2023.
Kontaktperson
Odd Are Jensen, overingeniør skred
Telefon: 94 50 73 30
E-post: oaj@nve.no