Kommunar kan få tilskott til å kartlegge kritiske punkt for overfløyming
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) gjev tilskott til kommunar for å kartlegge kritiske punkt i bekker og bratte vassdrag. Viss ikkje din kommune har gjennomført ei slik kartlegging kan de søkje om tilskott i 2020. Maksimalt søknadsbeløp pr. kommune er 200 000 kr.
Kritiske punkt forverrar flaumsituasjoner
Intense nedbørsituasjonar fører ofte til vatn på avvegar, noko som ofte resulterar i store skadar. Kritiske punkt, som bruer og kulvertar forverrar ofte situasjonen. Det er viktig å kjenne til kvar dei kritiske punkta er lokalisert slik at ein kan gjere tiltak for å redusere skadane.
Kommunen kan søkje om tilskott til kartlegging
Viss ikkje din kommune har gjennomført ei slik kartlegging kan de søkje om tilskott i 2020. Maksimalt søknadsbeløp pr. kommune er 200 000 kr. Vi handsamar søknadane fortløpande.
Tilskottet skal gå til å:
- Identifisere opne og lukka bekker og bratte vassdrag
- Identifisere og dokumentere kritiske punkt, både tekniske inngrep og naturgitte forhold
- Vurdere kva område langs bekker og bratte vassdrag som kan vere utsette for overfløyming
- Identifisere skadereduserande tiltak
Søk om tilskott her
Les om tilskottsordninga og finn søknadskjema her:
Definisjoner - kritiske punkt Naturgitte forhold: innsnevring av bekke- /elveløp, erosjonsutsette punkt og strekningar, grunne parti pga. masseavlagring, bekkeløp som ligg høgare enn terrenget på sidene (t.d. bekkevifter) og vegetasjon i og nær bekke- /elveløpet. I tillegg til område med is-problem.
|