Publisert 15.10.2024

Lærdal kan sikrast mot 200-årsflaum – nye flaumsonekart viser stort behov

Nye flaumberekningar viser at store delar av Lærdal sentrum vert ramma ved ein storflaum, og flaumvasstandane er no berekna høgare enn før. Dette forsterkar behovet for effektive sikringstiltak i kommunen. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har saman med Multiconsult utarbeidd ein omfattande moglegheitsstudie som peikar på fleire gode alternativ for å verne Lærdal mot framtidige flaumar.

Foto: Multiconsult

– Moglegheitsstudien er no ferdig, og den viser konkrete tiltak som kan sikre Lærdal mot flaum. Saman med dei nye flaumsonekarta gir dette kommunen eit solid grunnlag for å vurdera framtidige sikringstiltak, seier regionsjef Aart Verhage i NVE.

Flaumvoll rekna som den beste løysinga
I moglegheitsstudien har Multiconsult analysert åtte ulike kombinasjonar av tiltak. Tiltaka er vurderte opp mot naturverdiar, lokalsamfunn, og økonomi. Flaumvoll  med tre moglege traséalternativ er identifisert som  dei prioriterte løysingane.

Andre tiltak som flaumtunnel, regulering av vassdraget og masseuttak blir ikkje tilrådd vidare grunna store negative konsekvensar for mellom anna akvatisk dyreliv og naturtypar. Kostandane er også vurdert som negative opp mot nytteverdien. Desse tiltaka er heller ikkje i samsvar med krava i byggteknisk forskrift.

Kvifor må Lærdal sikrast mot flaum?
Lærdal sentrum er historisk utsett for flaum. Lærdalselvi kan stiga raskt ved store nedbørsmengder og snøsmelting. Ved ein 200-årsflaum kjem store delar av sentrumsområdet under vatn, noko som vil trua både bustader, skule, aldersheimar, jordbruk, vegar og kulturminne.  

Nye flaumsonekart, som viser kor høgt vasstanden kan nå ved ulike flaumstorleikar, indikerer meir vatn og moglegheit for meir skadeflaum enn det ein tidlegare har gått ut frå. Karta gir ei detaljert oversikt over flaumutsette område og moglege konsekvensar for befolkninga.

- Dei nye karta gir Lærdal kommune eit godt og viktig verktøy som dei må leggja til grunn ved vidare utvikling i kommunen, fortel Aart Verhage.

Vegen vidare for flaumsikringsprosjektet
Tysdag 15. oktober presenterte NVE og Multiconsult moglegheitsstudien og flaumsonekarta for kommunestyret i Lærdal.

- Lærdal kommune skal i samarbeid med NVE avgjera korleis vi vil gå vidare med flaumsikringsprosjektet. NVE har sett av både ressursar og midlar til eit forprosjekt kor tilrådde sikringsløysingar skal detaljerast. Vi er klare til å starte arbeidet, avsluttar Verhage.

Kontakt
Aart Verhage, regionsjef
Telefon: 90 18 44 10
E-post: arv@nve.no

Hanne Rosvoll Langset, prosjektleiar
Telefon: 40 91 86 75
E-post: hrok@nve.no