Publisert 11.09.2019

NVE har kartlagt fare for store områdeskred i Ålesund, Sykkylven, Sula og på Giske

Faren for store områdeskred er kartlagt for fire kommunar i Møre og Romsdal fylke: Giske, Sula, Sykkylven og Ålesund. Totalt tre potensielt skredfarlege kvikkleiresoner med tilhøyrande utløpssoner er lokalisert i dei tre kommunane. I tillegg er det utarbeidd aktsemdskart for områdeskred i kommunane.

– Rapporten vil gje store forbetringar i arealplanarbeidet og gje eit godt grunnlag for å redusere faren for områdeskred i dei kartlagde kommunane, seiar regionsjef ved NVE Region Vest, Brigt Samdal. Rapportane vil bli publisert på NVE sine nettsider i løpet av dei nærmaste dagane.

Grunnlaget for kvikkleiresonene er kart- og terrenganalyser, synfaringar i felt og grunnundersøkingar. Karta er produsert i digital form og inngår i det offentlige kartgrunnlaget (DOK), slik at kommunane og andre kan nytte dei i eigne verktøy saman med anna kartdata. Dessutan er det laga ei eiga kartløysing for «aktsemdkart-områdeskred» for kommunane.

NVE understreker at oversiktskartlegginga ikkje er ei utfyllande kartlegging for alle områder der kvikkleire vert påvist og at kartlegginga har hatt fokus på eksisterande busetnad og moglege erosjonskjelder. I områder under marin grense (tidlegare havnivå) vil kvikkleire generelt kunne eksistere utanom kartlagde faresoner, i større områder eller i avgrensa lommer.

Sjå kvikkleiresoner på kart for dei fire kommunane på NVEs nettstad.

Kontaktpersoner

Brigt Samdal, Region-sjef, mobil: 90748238

Ingrid Havnen, Sjefingeniør, mobil: 99291602