Publisert 25.08.2021 , sist oppdatert 09.09.2021

Ny høyringsfrist og gjennomgang av rettleiar for handtering av overvatn

Høyringsfristen for NVE sin rettleiar for handtering av overvatn vert utvida frå 5. til 15. september. NVE arrangerar ein gjennomgang av rettleiaren.

Overvatn i Bergen. Foto: Bjørn Lytskjold/NVE

NVE har tidligare sendt ut forslag til rettleiar for handtering av overvatn i arealplanar på høyring. På bakgrunn av tilbakemeldingar i høyringsperioden arrangerer vi ein gjennomgang av rettleiaren og utvidar høyringsfristen.

Gjennomgang av rettleiaren 9. september kl. 9-10.30

NVE vil gi ein gjennomgang av rettleiaren for handtering av overvatn i arealplanar, med ei nærare forklaring rundt NVE si tilråding til akseptabel risiko, kap. 4.1 i rettleiaren. Delta på webinaret 9.9. kl. 9-10.30 (Teams).

Utvida høyringsfrist 15. september

Høyringsfristen er utvida til 15. september. Utkastet til "Rettleiar for handtering av overvatn i arealplanar" saman med kva innspel vi ynskjer finn du på våre nettsider.

Kontaktperson

Turid Bakken Pedersen

tlf. 97 68 13 12