Publisert 04.11.2019 , sist oppdatert 06.11.2019

Nye faresonekart frå NVE gjev betre oversikt over skredfaren i Stranda kommune

Stranda kommune har no fått betre og meir presise kart utarbeida av NVE. Dei nye faresonekarta gjev oversyn over skredfare i utvalde område med busetnad. Karta viser at totalt 31 bygningar ligg innanfor faresona for 100-årsskred, medan 209 bygningar ligg innanfor faresona for 1000-årsskred.

Karta blir overlevert til Stranda kommune den 6. november 2019.

Kartlegginga tek omsyn til skredtypane snøskred, sørpeskred, steinsprang, jordskred og flomskred. Dei kartlagde områda er Strandadalen, Hellebostad-Frøysa, Fivelstad, Tryggestad, Stadheim, Stranda, Bjørdal-Vollset, Frøysadalen, Møll, Rindalen, Liabakkane og Ovrå.

– Med faresonekarta som NVE no har fått utarbeidd, har kommunen eit godt grunnlag for arealforvaltning og byggesakshandsaming, for å vurdere sikringstiltak og for lokal skredberedskap, seier fungerande regionsjef Siss-May Edvardsen.

Karta er enkle i bruk. Faresonene for kvar aktuell skredtype er også teikna saman inn i kartet, slik at kommunen berre treng å halda seg til ei faresone om gongen. På den måten får kommunen raskt oversyn over kva område som er utsett for skred.

Grunnlaget for faresonekarta er studie av kart og flybilete, terrengmodellanalyse og feltsynfaringar. Karta er produsert i digital form, slik at kommunen og andre kan nytta resultata i eigne verktøy saman med andre kartdata.

Sjå rapport og kart på nve.no.

Sjå rapporten

Sjå faresonekart for Stranda kommune

Kontaktperson

Ole-Jakob Sande, senioringeniør, tlf: 90887830