Publisert 07.06.2023

Velkommen til webinar om nye aktsemdkart for snøskred

I 2023 publiserar NVE nye aktsemdkart for snøskred. På NVEs webinar 22. juni  vil du få høyre meir om karta og om korleis din kommune kan bruke dei i arealplanlegginga.

 

Foto: NVE / Andrea Taurisano

Karta er produsert av NGI og tek omsyn til lokale klimaforhold og skog. Dei viser store skred med lange utløp på ein betre måte enn tidlegare aktsemdkart.

Dei nye aktsemdkarta er tilpassa bruk på S1 og S2-tiltak og er laga i to variantar med og utan effekten av skog. NVE har og laga eit nytt kart for bruk for S3-tiltak. Dei kombinerar nye og gamle kart for å sikre at ein tek omsyn til dei største, sjeldnaste snøskreda.

Webinaret varer fra 12.00 til 14.00, og det blir høve til å stille spørsmål undervegs. Webinaret blir tatt opp og lagt ut på NVEs nettsider i etterkant.

Meld deg på her.

Kontakt
Lars Løkeland Slåke
Tel: 41 49 98 96
E-post: lals@nve.no