Lovbrotsgebyr til fiskefarm i Sogn og Fjordane
NVE har gjeve Steinvik Fiskefarm AS i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane eit lovbrotsgebyr på kr 400 000 for brot på konsesjonsvilkår om slepp av minstevassføring og tørrlegging av Riselva.
Tørrlegginga av Riselva var i tidsrommet kl. 16:00 til 18:23 21.9.2017.
- Vi ser svært alvorleg på brot på krav om slepp av minstevassføring. Av omsyn til livet i elva skal det alltid sleppast tilstrekkeleg med vatn. Slepp av minstevassføring er ein avgjerande føresetnad for å få løyve til å bruke vatnet frå Riselva til settefiskanlegget, seier Mari Hegg Gundersen, seksjonssjef for NVEs miljøtilsyn for vassdragsanlegg.
Steinvik Fiskefarm AS fekk løyve etter vannressursloven § 8 til vassuttak og regulering av Risevatnet til landbasert oppdrett av fisk i mars 2017.
I konsesjonsvurderinga vart det lagt vekt på at Risevassdraget har ein viktig funksjon for stadeigen anadrom og stasjonær laksefisk. I tillegg har vassdraget regional verdi for ål. I løyvet er det fastsett krav til slepp av minstevassføring. Av konsesjonsvilkåret følgjer det at konsesjonæren skal sørge for at fisken sine vandringsmogelegheiter i vassdraget vert halde ved like.
Steinvik Fiskefarm AS kan klage på avgjerda til Olje- og energidepartementet, innan tre veker frå mottak av meldinga.