Rettleiar til kraftberedskapsforskrifta
NVE har revidert rettleiaren til kraftberedskapsforskrifta. Den reviderte rettleiaren forklarar forskriftskrava og viser til eksempel, standardar, anna regelverk og andre kjelder. Det vil bidra til å betre bransjen si forståing av og evne til å etterleve krava.
I 2019 vart beredskapsforskrifta revidert og fekk også nytt namn, «Kraftberedskapsforskriften». Det vart mellom anna innført fleire krav til IKT-sikkerheit. Som ei førebels løysing, vart det laga ein førebels tilleggsrettleiar til kraftberedskapsforskrifta på området IKT-sikkerheit.
Denne reviderte rettleiaren til kraftberedskapsforskriften erstattar «Veiledning til beredskapsforskriften» (2013) og «Foreløpig tilleggsveileder til kraftberedskapsforskriften» (2018).
Den nye rettleiaren viser i større grad enn tidlegare til standardar og andre kjelder som kan gje betre og meir konkrete råd.
Ein fulldigitalisert versjon av rettleiaren er planlagt i løpet av våren 2021.
Har du innspel og merknader kan desse sendast til nve@nve.no, merk e-posten med saksnummer 202016917. Innspel som er motteke før 1.mars 2021 vert tatt med i arbeid med ein fulldigitalisert rettleiar våren 2021.
Du finn den reviderte rettleiaren her.