Publisert 08.01.2025

Kraftsituasjonen veke 1, 2025

Kaldare vêr og høgare kraftprisar i Norden

Året starta med låge temperaturar og saman med at aktiviteten tok seg opp etter ferien, vart det ein auke i kraftforbruket både i Noreg og resten av Norden samanlikna med veka før. Auka i forbruket  bidrog til færre timar med flaskehalsar på mellomlandsforbindingane. Dermed vart det fleire timar kor kraftprisen i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) låg tettare opp mot prisnivået på kontinentet. Dette bidrog til ei auke i vekesprisane i sørlege Noreg samanlikna med veka før, og prisane enda på mellom 50-63 øre/kWh.

Sterk ressurssituasjon i nordlege Norden og flaskehalsar i nettet mellom nord og sør, bidrog til at Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) framleis hadde lågare kraftprisar enn i sør. Vekesprisen i Midt-Noreg var 19 øre/kWh, medan prisen i Nord-Noreg var den lågaste i Norden, og enda på 9 øre/kWh.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 1 2025

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

Nedlasting av vasskraft- og vindkraftdatabasen frå API

Kontaktperson

Silje Jelsness

Epost: sitj@nve.no