Kraftsituasjonen veke 11, 2025
Lågare vindkraftproduksjon, høgare forbruk og høgare kraftprisar i Norden
Kraftprisane auka i Nord-Europa førre veke, og auken var størst i dei nordiske landa. Høgare forbruk i Norden, blant anna grunna kaldare vêr, og lågare vind- og solkraftproduksjon i Nord-Europa er viktige faktorar bak prisauken. Dette bidrog til høgare etterspurnad etter norsk vasskraftproduksjon, som auka frå veka før. Det var framleis lågare tilgjengeleg utvekslingskapasitet frå Noreg i samband med innføringa av ein ny reservemarknad for kraft 4. mars, men kapasiteten mot både Tyskland og Storbritannia var høgare enn veka før. Dette bidrog til at Noreg hadde den høgaste nettoeksporten over ei veke hittil i år, på 0,8 TWh
På vekedagane var det særs lite vindkraftproduksjon i Norden. Saman med høgare forbruk bidrog det til at Sørvest- og Søraust-Noreg (NO2 og NO1) fekk prisar over 100 øre/kWh og på nivå med kontinentet i mange timar mellom tysdag og torsdag. Flaskehalsar i nettet gjorde at Vest-Noreg (NO5) ikkje fekk like mange høgpristimar som Sørvest- og Søraust-Noreg. Vekeprisane i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) var 53-85 øre/KWh, og prisskilnaden mellom Vest-Noreg og Søraust-Noreg var den høgaste så langt i år. Også Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) opplevde høgare prisar i vekedagane då det var lite vindkraftproduksjon. Vekeprisane her enda på høvesvis 35 og 12 øre/kWh.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 11 2025
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.
Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.