Kraftsituasjonen veke 12, 2025
Lågare forbruk og høg vind- og solkraftproduksjon bidrog til lågare kraftprisar
Eit vêromslag med høgare temperaturar bidrog til eit redusert kraftforbruk i Norden førre veke. I Noreg gjekk forbruket ned med 19 prosent frå veka før, og størst reduksjon var det i Søraust- og Sørvest-Noreg (NO1 og NO2).
Lågt forbruk, saman med auka vindkraftproduksjon bidrog til fleire lågpristimar enn veka før. Dette førte til ein nedgang i vekeprisane i heile Norden. Dei gjennomsnittlege vekeprisane i sørlege Noreg (NO1, NO2, og NO5) var på mellom 46-49 øre/kWh, medan Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) hadde prisar på høvesvis 19 og 6 øre/kWh.
Auka solkraftproduksjon nord på kontinentet gav periodar med overskot av kraft og låge prisar der. I desse periodane var det kraftimport til Noreg. Høgare import og lågare kraftprisar bidrog til ein nedgang i norsk vasskraftproduksjon frå eit særs høgt nivå veka før.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 12 2025
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.
Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.