Publisert 17.04.2024

Kraftsituasjonen veke 15, 2024

Lågare forbruk og kraftprisar

Førre veke auka temperaturane samanlikna med veka før som bidrog til lågare kraftforbruk.  Det var også meir nedbør enn normalt i heile Noreg, samstundes som det var høg vindkraft- og solkraftproduksjon i landa rundt oss. Dette bidreg til lågare kraftprisar samanlikna med veka før. Kraftprisen var 36 og 29 øre/kWh i Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4), og om lag 45 øre/kWh i Sør-Noreg (NO1, NO2 og NO5).

I førre veke var det periodar med mykje uregulerbar kraftproduksjon i nabo landa som bidreg til tidvis svært låge prisar. Ved enkelttimar på laurdagen var timeprisen nede på -37 øre/kWh i Søraust- og Sørvest-Noreg (NO1 og NO2). Dette er den nest lågaste timeprisen Noreg har hatt nokosinne. Samstundes hadde Søraust- og Sørvest-Noreg ein kraftpris på 164 øre/kWh onsdag klokken 20.00, som er ein relativ høy timepris samanlikna med vekeprisen.

Tilsiget som kom førre veke har forbetra ressurssituasjonen i Noreg. Fyllingsgraden i Nord-Noreg har gått mindre ned enn tidlegare veker, og resten av Noreg har no ei høgare fyllingsgrad enn veka før.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 15 2024.

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Mathias Nipen

Epost: jmtn@nve.no