Publisert 17.05.2023 , sist oppdatert 22.05.2023

Kraftsituasjonen veke 19, 2023

Starten på snøsmelting og auke i magasinfyllinga

Snøsmeltinga , som gir tilsig til vasskraftverk i Noreg, har byrja over heile Noreg. Det har komme 4,4 TWh tilsig i førre veike og er venta å komma 7,3 TWh neste veike. Magasinfyllinga i Noreg gjekk opp med 2,3 prosentpoeng til 28,8 prosent ved utgangen av førre veike. I Midt-Noreg (NO3) auka magasinfyllinga frå historisk minimum på 11,5 prosent til 15,3 prosent. Det er framleis 14,0 prosentpoeng under gjennomsnittet, men er no innanfor utfallsrom på denne tiden av året.

Varmare vêr bidrog til lågare kraftetterspurnad i Norden sist veike. I Noreg gjekk kraftforbruket ned med 10 prosentpoeng samanlikna med veka før. I Aust-Noreg (NO1) der temperaturen var relativt høg i slutten av veka gjekk kraftforbruket ned med 15 prosent samanlikna med veka før.

Gjennomsnittsprisen i Sørlege Noreg (NO1, NO2, NO5) har falle til ein snittpris på under 90 øre per kWh. I periodar i helga opplevde Noreg prisar nær 0  øre per kWh i nokre timar både laurdag og søndag. Høge temperaturar, høg solkraftproduksjon på kontinentet  førte til full import i nokre timar frå Nederland (NorNed-kabelen). I Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) var gjennomsnittsprisane på høvesvis 32,6 øre per kWh og 37,3 øre per kWh.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 19, 2023 (PDF)

Ved utgangen av veke 19 var fyllingsgraden i magasina i Noreg  på 28,8  prosent. Til samanlikning er medianverdien for fyllinga  på tilsvarande tidspunkt 35,6 prosent for åra 2003-2022. Fyllingsgraden  ligger 6,8 prosenteiningar under median. Gjennom veka auka magasinfyllinga med 2,3 prosenteiningar.

Fyllingsgraden i Sørlege Noreg (NO1, NO2, NO5) økte med 2,8 prosenteiningar til 29,7 og ligger 5,7 prosentpoeng under medianen.

Les meir om vassmagasinstatistikken her.

Kontaktperson

Jørgen Mathias Taraldsvik Nipen
Epost:jmtn@nve.no

Kontaktpersonar