Kraftsituasjonen veke 2, 2025
Høgare kraftforbruk og kraftprisar
Førre veke var prega av kaldare vêr, høgare kraftforbruk og auka kraftproduksjon. I tillegg kom det varslar om mildare vêr og mykje nedbør for årstida dei neste vekene. Dette bidrog til at Noreg hadde høg kraftproduksjon. Samstundes var det lågare tilgang på rimeleg vindkraft nord på kontinentet samanlikna med veka før. Dette bidrog til ein auke i nettoeksporten frå Noreg.
Som følgje av mindre rimeleg kraftproduksjon og høgare kraftforbruk, auka kraftprisane i store delar av Nord-Europa. Likevel låg vekesprisene for Noreg framleis lågare enn kontinentet. Søraust-, Sørvest- og Vest-Noreg (NO1, NO2 og NO5) hadde ein vekespris på høvesvis 71, 72 og 67 øre/kWh.
På torsdag og fredag var det låg vindkraftproduksjon og høge kraftprisar nord i Sverige (SE1 og SE2). Dette bidrog til at Midt-Noreg (NO3) fekk timar med kraftprisar på over 100 øre/kWh. I snitt enda vekesprisen opp på 39 øre/kWh. God tilgang på vasskraft og flaskehalsar i nettet gjorde at Nord-Noreg (NO4) ikkje fekk like høge prisar som Midt-Noreg i same periode. Nord-Noreg hadde ein vekespris på 11 øre/kWh.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 2 2025
Vi oppdaget feil i tabell 7 som ble oppdatert 15.01.2025 16:00
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.
Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.