Publisert 12.06.2024

Kraftsituasjonen veke 23, 2024

Kraftoverskot bidrog til lågare prisar

Lågare temperaturar bidrog til at forbruket i Noreg gjekk opp førre veke. Kraftproduksjonen gjekk i same periode ned, men det var likevel eit stort kraftoverskot og dermed nettoeksport av kraft. Krafta vart hovudsakeleg eksportert frå sørlege Noreg, medan Midt- og Nord-Noreg hadde nettoimport av kraft for fjerde veke på rad.

Prisane i Noreg var jamt over lågare enn på kontinentet gjennom heile veka. Vekeprisen i Sørvest-Noreg (NO2) enda på 47 øre/kWh, medan den i Søraust- og Vest-Noreg (NO1 og NO5) var noko lågare, på høvesvis 38 og 40 øre/kWh. I Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) var vekeprisen 17 øre/kWh. Prisskilnaden mellom nord og sør i Noreg held dermed fram også førre veke.

Mykje solkraftproduksjon på kontinentet og generelt lågare forbruk i helga bidrog til periodevis import av billig kraft til Noreg og Norden. I Søraust- og Sørvest-Noreg (NO1 og NO2) var det fleire timar med negative prisar på dagtid. På det lågaste var kraftprisen -43 øre/kWh. Dette er den nest lågaste timeprisen i Noreg nokon sinne.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 23 2024.

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

Nedlasting av vasskraft- og vindkraftdatabasen frå API

Kontaktperson

Kyrre Kirkbakk Fjær

Epost: kyfj@nve.no