Kraftsituasjonen veke 24, 2023
Oppgang i kraftprisane
Lite vind og høgare gassprisar bidrog til ein auke i kraftprisane sist veke. Snittprisen i Sørvest-Noreg var 106 øre/kWh i veke 24, medan prisen i Aust- og Vest-Noreg var 84 øre/kWh. Vedlikehald i nettet har bidrege til flaskehalsar mellom dei sørlege prisområda i Noreg dei siste vekene.
Etter fleire veker på rad med negative kraftprisar på kontinentet og i Norden, var det berre Finland som hadde negative kraftprisar førre veke. Høg vindkraftproduksjon, kombinert med avgrensa eksportkapasitet bidrog til at kraftprisen i Finland var negativ i syv samanhengane timar natt til tysdag.
*Nokon tabellar og figurar i rapporten er utelat i veke 24 p.g.a manglar i datagrunnlaget for Sverige og Tyskland