Publisert 05.07.2023

Kraftsituasjonen veke 26, 2023

Negative prisar i heile Nord-Europa søndag

Forbruket i dei nordiske landa var framleis lågt denne veka, medan produksjonen tok seg opp. Dette skuldast i hovudsak mykje vindkraftproduksjon i Danmark for årstida. I helgen var det lågt forbruk og mykje sol og vind på kontinentet, som gjorde at store deler av Nord-Europa fekk null eller negative prisar i 17 samanhengande timer. Danmark (DK1) hadde timespriar ned i  – 515 øre/kWh og Tyskland og Nederland – 586 øre/kWh.

Meir nedbør enn normalt og høgare import i helgen gjorde at den hydrologiske balansen styrka seg i Noreg.

Prisdifferansen mellom dei norske prisområda og nabolanda vart jamna meir ut samanlikna med førre veke og prisen gjekk ned i alle dei norske prisområda. I Midt- og Nord-Noreg låg den på 22 øre/kWh. I Sørlege Noreg låg prisen på om lag 67 øre/kWh i Aust-Noreg og Vest-Noreg, og 86 øre/kWh i Sørvest-Noreg. 

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 26 2023 (PDF)

Vassmagasinstatistikk

Ved utgangen av veke 26 var fyllingsgraden i magasina i Noreg på 65,3 prosent. Gjennom veka auka magasinfyllinga med 3,7 prosenteiningar.

I veke 26 var temperaturen 1 – 2 grader over vekegjennomsnittet for dei siste 20 åra i Sør-Noreg. I Nord-Noreg var temperaturen 3-4 grader over vekegjennomsnittet. For veke 27 er det venta temperaturar som er omkring vekegjennomsnittet (avvik +/- 1 grad) i hele Noreg.

For veke 26 er berekna tilsig 5,5 TWh, som er vekegjennomsnittet. I veke 27 er det venta eit tilsig på 3,9 TWh, eller om lag 80 prosent av gjennomsnittet for veka.

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer om til dømes snø, sjå: www.senorge.no/map.

NB: NVE mistenker at det kan vere feil i datagrunnlaget for forbruket og vindkraftproduksjonen i SE2. Vi er i kontakt med vår leverandør av data for å undersøke moglege feil. Dette påverkar enkelte tabellar og figurar i rapporten.

Kontaktperson

Ingrid Ueland
Epost:inguel@nve.no