Publisert 03.07.2024

Kraftsituasjonen veke 26, 2024

Framleis kraftoverskot og nettoeksport

Både kraftproduksjonen og kraftforbruket gjekk ned i Noreg førre veke. Sidan produksjonen gjekk meir ned enn forbruket ga det lågare norsk nettoeksport. Det var vasskrafta som sto for den største nedgangen på produksjonssida.

I periodar var det redusert utvekslingskapasitet frå Noreg til Storbritannia, Nederland og Danmark som følgje av planlagt vedlikehald. At eksportmoglegheitene var reduserte kan bidra til å forklare noko av produksjonsnedgangen i Noreg.

Kraftoverskot og reduserte moglegheiter til eksport bidrog til at prisane gjekk ned. I Sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) enda vekeprisen på 33-43 øre/kWh, medan i Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) vart prisen 25 øre/kWh. Sjølv om prisane gjekk ned, var det framleis enkelttimar med vesentleg høgare prisar enn resten av veka. På måndag kveld var prisen i Sørvest-Noreg (NO2) 223 øre/kWh. Dei høge prisane oppstår ofte i timane etter at solkraftproduksjonen går ned på kontinentet, og det framleis er høgt forbruk.

Tysdag var det ein teknisk feil internt på børsen EPEX SPOT som førte til at ein måtte halde ein ekstra auksjon for å setja kraftprisane for onsdagen. I denne auksjonen vart marknadsklareringa for Norden gjennomført med null i handelskapasitet til landa på kontinentet, men inkludert utvekslingskapasitet til Storbritannia. Dette bidrog til mindre prissmitte frå kontinentale kraftprisar denne dagen.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 26 2024.

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

Nedlasting av vasskraft- og vindkraftdatabasen frå API

Kontaktperson

Kyrre Kirkbakk Fjær

Epost: kyfj@nve.no