Publisert 10.07.2024

Kraftsituasjonen veke 27, 2024

Lågare prisar i sør og små prisskilnader i Noreg

Vekeprisen i Sør-Noreg (NO1, NO2 og NO5) var lågare enn dei førre vekene og enda på 27-34 øre/kWh. Høgare vindkraftproduksjon sør i Norden og nord på kontinentet er ein viktig årsak til prisnedgongen. Det var Søraust-Noreg (NO1) som hadde lågast pris, medan Vest-Noreg (NO5) hadde den høgaste. I siste halvdel av veka hadde Søraust- og Sørvest-Noreg (NO5) timar med særs låge prisar. Det var på same tid som det var høg sol- og vindkraftproduksjon som førte til mykje import frå kontinentet. Flaskehalsar i nettet bidrog til at Vest-Noreg ikkje fekk like låge kraftprisar i desse timane, og til at vekesprisen dermed vart høgare der.

I Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) auka kraftprisen til 29 øre/kWh. Det er første gong i år at dei nordlege prisområda ikkje hadde dei lågaste prisane i Noreg. Ein av grunnane er at Midt- og Nord-Noreg ikkje hadde timar med negative prisar i siste halvdel av veka. Førre veke var første gong sidan veke 17 at prisforskjellane mellom dei norske prisområda har vore så små.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 27 2024.

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

Nedlasting av vasskraft- og vindkraftdatabasen frå API

Kontaktperson

Kyrre Kirkbakk Fjær

Epost: kyfj@nve.no