Kraftsituasjonen veke 28 2019
Auke i norsk kraftpris
Den norske kraftprisen i veke 28 gjekk opp om lag 22 prosent frå veka før. Mellom anna har auka si årsak i prisoppgang på kol, gass og utsleppskvotar for CO2. Prisen for utslepp av CO2 nådde i førre veke dei høgaste nivåa sidan 2008. Samstundes gjekk den nordiske vindkraftproduksjon kraftig ned, som også bidrog til prisauke.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 28 2019 her. (PDF)