Publisert 22.01.2025

Kraftsituasjonen veke 3, 2025

Vêromslag gav lågare forbruk og høg vindkraftproduksjon i Norden

Førre veke var prega av eit vêromslag til mildare vêr. Temperaturane var over normalen i store delar av Norden og i Noreg sank forbruket med 11 prosent frå veka før. Nedgangen var størst  i dei sørlege og midtre delane av Noreg (NO1, NO2 og NO3).

Det låge forbruket kombinert med høg vindkraftproduksjon nord i Norden, bidrog til reduserte vekeprisar samanlikna med veka før. I sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) var vekeprisane mellom 43 og 54 øre/kWh, medan Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) hadde  kraftprisar på høvesvis 6 og 4 øre/kWh. Til forskjell i frå Norden var det ein prisauke på kontinentet. Ein kombinasjon av lågare temperaturar og mindre vindkraftproduksjon enn veka før bidrog til prisauken. Til dømes hadde Danmark (DK1) og Tyskland ein vekespris på høvesvis på 131 og 174 øre/kWh.

Samla sett fall kraftproduksjonen i Noreg med 9 prosent samanlikna med veka før. Den viktigaste årsaka var ein monaleg nedgang i produksjonen i Nord-Noreg. Fleire timar med høg vindkraftproduksjon i Nord-Sverige (SE1 og SE2),  ga Nord-Noreg tilgang på billig import og bidrog til at produsentane i Nord-Noreg kunne spare meir vatn til seinare.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 3 2025

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

Nedlasting av vasskraft- og vindkraftdatabasen frå API

Kontaktperson

Lasse Nygaard Kvasnes

Epost: lakv@nve.no