Kraftsituasjonen veke 30, 2023
Låg vindkraftproduksjon og høgare kraftprisar i Noreg
Kraftprisane i Norden auka frå veka før, men det var framleis eit lågt prisnivå i dei fleste prisområda samanlikna med tilsvarande periode i fjor. Vekeprisen var under 30 øre/kWh i alle dei nordiske prisområda, med unntak av Sørvest-Noreg (NO2) og i Danmark (DK1 og DK2). Der var vekeprisen høvesvis 69 og 75 øre/kWh. Auka i pris hadde blant anna si årsak i lågare uregulerbar kraftproduksjon enn veka før. Det var både mindre tilsig til vassmagasina i Noreg, og vindkraftproduksjonen var lågare i alle dei Nordiske landa. Ein må tilbake til sommaren 2021 for å finne ei veke med lågare vindkraftproduksjon i Noreg.
Nord-Noreg (NO4) hadde den lågaste vekeprisen i Norden på 23 øre/kWh. Vedlikehaldsarbeid ga redusert overføringskapasitet frå Nord-Noreg mot Nord-Sverige (SE2). Dette bidrog truleg til fleire timar med flaskehals på dei andre forbindingane ut av Nord-Noreg og dermed lågare pris enn i dei omkringliggande områda.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 30 2023 (PDF)
Vassmagasinstatistikk
Ved utgangen av veke 30 var fyllingsgraden i magasina i Noreg på 73,8 prosent. Gjennom veka auka magasinfyllinga med 0,6 prosenteiningar.
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer om til dømes snø, sjå: www.senorge.no/map.