Publisert 31.07.2024

Kraftsituasjonen veke 30, 2024

Aukande prisforskjellar mellom Sørvest-Noreg og resten av Noreg

Prisskilnaden mellom Sørvest-Noreg (NO2) og resten av Noreg auka samanlikna med veka før. Vekeprisen i Sørvest-Noreg var 45 øre/kWh medan resten av Noreg hadde ein vekepris på 24-27 øre/kWh. Fleire faktorar bidrog til dette. Sørvest-Noreg er tettare tilkopla kontinentet, der det framleis var høge prisar samanlikna med Norden. Vasskraftproduksjonen i Nord-Sverige (SE2) har auka dei siste vekene og kjernekraftverka Ringhals 3 og delvis Forsmark 1 i Sverige (SE3) kom tilbake i drift førre veke etter vedlikehald. Dette auka kraftoverskotet i Sverige, som hadde dei lågaste vekeprisane i Nord-Europa. Meir tilgjengeleg kapasitet mellom Søraust-Noreg (NO1) og Sør-Sverige (SE3) bidrog til meir nettoimport frå Sverige og lågare prisar i Søraust- og Vest-Noreg enn veka før.

Søndag kl.14 hadde Søraust- og Sørvest-Noreg (NO1 og NO2) ein kraftpris på -58 øre/kWh. Dette er den lågaste timesprisen sidan 16. Juli 2023. Lågt forbruk, mykje solkraftproduksjon i Nederland og Tyskland og mykje vindkraftproduksjon i Polen og Sverige bidrog til dei låge prisane. Flaskehalsar i nettet førte til at  Midt-, Nord- og Vest-Noreg (NO3, NO4 og NO5) ikkje tok del i prisnedgangen.

Veke 30 var tredje veka på rad med låg kraftproduksjon i Nord-Noreg. Produksjonen var lågare enn veka før, som hadde den lågast registrerte produksjonen for området sidan før 2011. Nedgangen i produksjonen vart erstatta med import frå Midt-Noreg og Nord-Sverige (SE1 og SE2).

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 30 2024.

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

Nedlasting av vasskraft- og vindkraftdatabasen frå API

Kontaktperson

Lasse Nygaard Kvasnes

Epost: lakv@nve.no