Publisert 09.08.2023

Kraftsituasjonen veke 31, 2023

Nedgang i vasskraftproduksjon i Noreg og aukande vindkraftproduksjon på kontinentet

Førre veke var det ein nedgang i kraftproduksjonen i alle prisområda, med unntak av i Søraust-Noreg (NO1). Høg magasinfylling og varsel om store nedbørsmengder i samband med stormen Hans, bidrog til å oppretthalde den høge produksjonen i Søraust-Noreg. Mindre nedbør i Sør- (NO1, NO2 og NO5) og Midt-Noreg (NO3), og mykje vindkraftproduksjon for årstida på kontinentet i starten av veka, bidrog til lågare regulerbar vasskraftproduksjon for Noreg totalt sett.

Nord-Noreg (NO4) hadde også denne veka den lågaste vekeprisen i Norden på 19 øre/kWh. Ein av grunnane var aukande vindkraftproduksjon nord i Norden mot slutten av helga, som bidrog til fleire timar med låge prisar. Det var ingen kapasitet på forbindinga mellom Nord Sverige (SE2) og Nord-Noreg i veka som gjekk grunna vedlikehaldsarbeid.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 31 2023 (PDF)

Vassmagasinstatistikk

Ved utgangen av veke 31 var fyllingsgraden i magasina i Noreg på 73,8 prosent. 

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer om til dømes snø, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Mathias Nipen
Epost: jmtn@nve.no