Publisert 14.08.2024

Kraftsituasjonen veke 32, 2024

Lågaste timepris i Noreg nokon gong

Kraftprisane fall i store deler av Nord-Europa førre veke. Høg vindkraftproduksjon for årstida i Norden og mykje solkraftproduksjon på kontinentet bidrog til lågare prisar. I helga ga samanfall mellom lågare forbruk og høg uregulerbar produksjon fleire timar med null- og negative kraftprisar. Midt og Nord-Noreg (NO3 og NO4) hadde ingen timar med kraftpris over 4 øre/kWh i løpet av helga. Sørvest- og Søraust-Noreg (NO2 og NO1) hadde ein kraftpris på -71 øre/kWh mellom kl. 13 og 14 på søndag. Aldri før ha det vore så låg kraftpris i Noreg. Sørvest-Noreg hadde ein vekepris på 43 øre/kWh. Dette var om lag dobbelt så høgt som resten av dei norske prisområda, som hadde ein vekepris på 16-20 øre/kWh.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 32 2024.

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

Nedlasting av vasskraft- og vindkraftdatabasen frå API

Kontaktperson

Silje Jelsness

Epost: sitj@nve.no