Kraftsituasjonen veke 35, 2022
Nettoimport og særs låg kraftproduksjon i sørlege Noreg
Kraftproduksjonen i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) førre veke var den lågaste over ei veke dei siste ti år. I Sørvest-Noreg (NO2) var kraftproduksjonen nesten halvert samanlikna med veka før. Det var nedgang både i vind- og vasskraftproduksjonen. Særs lite tilsig gjennom veka, saman med låg magasinfylling, er blant årsakene til den låge vasskraftproduksjonen. I tillegg var det meir vindkraftproduksjon og lågare gassprisar på kontinentet, noko som bidrog til lågare kraftprisar der, og import til sørlege Noreg. Om lag 30 prosent av vekeforbruket i sør vart dekt av import.
Vekeprisen i Sørvest-Noreg var på 508 øre/kWh, ein reduksjon på 40 øre samanlikna med veka før. Sørvest-Noreg hadde likevel den høgaste kraftprisen i Nord-Europa førre veke. Kraftprisen i Midt- og Nord-Noreg auka førre veke. Auka i kraftpris heng saman med høgare forbruk og lågare vindkraftproduksjon i dei nordlege prisområda i Norden.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 35 2022 (PDF).
Rapporteringen frå vasskraftprodusentane i sørlege Noreg
Det er 10 produsenter i sørlige Norge som sender inn rapporter med informasjon om produksjon og magasinfylling. Totalt er det data fra 63 kraftverk i disse rapportene. Disse kraftverkene har en samlet magasinkapasitet på 43,7 TWh, noe som utgjør 76 prosent av den totale magasinkapasiteten i sørlige Norge.
Last ned rapporteringen fra produsentene for veke 35 2022 (PDF).
Vassmagasinstatistikk
Ved utgangen av veke 35 var fyllingsgrada i norske magasin 68,5 prosent. Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 80,7 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 0,6 prosenteiningar. Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (prisområde 4) med 92,0 prosent, mens Sørvest-Noreg (prisområde 2) hadde lågast fylling med 50,3 prosent.