Publisert 28.09.2022 , sist oppdatert 30.09.2022

Kraftsituasjonen veke 38, 2022

Lågare vindkraftproduksjon og auke i kraftprisane

Produksjonen i Noreg  gjekk opp med 9 prosent førre veke, samanlikna med veka før. Produksjonen er likevel framleis særs låg for årstida i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5), medan den er høg i Nord-Noreg (NO4). I Midt-Noreg (NO3) er produksjonen på om lag same nivå som dei seinaste åra.

For fjerde veke i rad var Noreg nettoimportør av kraft. Samanlikna med veka før var det ein markant auke i importen frå Storbritannia, medan det var mindre import frå Sverige og kontinentet.

Kraftprisane auka i sørlege Noreg førre veke, medan dei gjekk ned i Midt- og Nord-Noreg. Dei tre prisområda i sørlege Noreg hadde ein vekepris på 348 øre/kWh. Også sør i Sverige og på kontinentet auka prisane. I Sør-Sverige var vekeprisen på 259 øre/kWh, noko som var ei dobling samanlikna med veka før. På kontinentet hadde fleire land enkelte timar med prisar på rundt 600 øre/kWh. Ein viktig årsak til auken i pris var låg vindkraftproduksjon, i tillegg til høgare kraftforbruk.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 38 2022 (PDF).

Rapporteringen frå vasskraftprodusentane i sørlege Noreg
Det er 10 produsentar i sørlege Noreg som sender inn rapportar med informasjon om produksjon og magasinfylling. Totalt er det data frå 63 kraftverk i desse rapportane. Desse kraftverka har ein samla magasinkapasitet på 43,7 TWh, noko som utgjer 76 prosent av den totale magasinkapasiteten i sørlege Noreg.

Last ned rapporteringen fra produsentene for veke 38 2022 (PDF).

Vassmagasinstatistikk 
Ved utgangen av veke 38 var fyllingsgraden i norske magasin 67,9 prosent. Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 83,1 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 0,3 prosenteiningar. Nord-Noreg (NO4) hadde høgast magasinfylling med 88,5 prosent, medan Sørvest-Noreg (NO2) hadde lågast fylling med 50,6 prosent.

Les meir om vassmagasinstatistikk her.

Kontaktperson

Senioringeniør Ingrid Bjørshol Holm

ibho@nve.no