Kraftsituasjonen veke 38, 2024
Auka kraftprisar i Norden grunna mindre vindkraftproduksjon
Kraftprisane auka i heile Norden førre veke. I Noreg var det inga vesentleg endring i vekeprisen på Sørvest-Noreg (NO2), men i resten av landet (NO1, NO3, NO4 og NO5) auka vekeprisane frå 7-9 øre/kWh til 19-25 øre/kWh. Ein viktig årsak til prisauken var lågare vindkraftproduksjon i Norden.
Den totale kraftproduksjonen i Noreg gjekk ned førre veke, mye grunna lågare i vindkraftproduksjon i Sørvest- og Midt-Norge (NO2 og NO3). Sjølv om den totale kraftproduksjon gjekk ned, auka kraftproduksjon frå regulerbar vasskraftproduksjon. Auka frå vasskraftproduksjon var størst i Nord-Noreg (NO4), som har hatt låg vasskraftproduksjon over lengre tid. Den regulerbare vasskraftproduksjonen bidrog særleg i periodar med høge timeprisar.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 38 2024
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.
Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.