Publisert 02.10.2024

Kraftsituasjonen veke 39, 2024

Auka forbruk og lågare prisskilnadar i sør

Lågare temperaturar bidrog til at kraftforbruket auka i alle dei norske prisområda i førre veka. Samstundes gjekk samla produksjon i Noreg ned, noko som gav ein nedgang i norsk nettoeksport.

I Nord-Noreg (NO4) var det ei auke i vasskraftproduksjonen. Ikkje sidan veke 24 har Nord-Noreg hatt høgare vasskraftproduksjon. Likevel auka nettoimporten frå Nord-Sverige (SE1 og SE2) samanlikna med veka før. Eit høgt kraftoverskot i Nord-Sverige gav gode moglegheiter for import til låge priser. Vekeprisen i Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) enda på om lag 20 øre/kWh.

Prisskilnadane mellom områda i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5)  gjekk noko ned samanlikna med vekene før. Fleire faktorar har bidrege til dette. Det har vore avgrensa overføringskapasitet på NordLink-kabelen mellom Sørvest-Noreg og Tyskland, noko som ga mindre prissmitte til kraftprisane i Sørvest-Noreg (NO2). Mindre tilsig dei siste vekene har gitt større fleksibilitet i vasskraftproduksjonen i Søraust- og Vest-Noreg (NO1 og NO5) og produsentane har hatt større moglegheit å redusera produksjon når prisane var låge. Kraftprisen i Sørvest-Noreg var 38 øre/kWh, medan vekeprisen i Søraust- og Vest-Noreg var på om lag 23 øre/kWh.

NB: Det er manglar i datagrunnlaget for Danmark 27.-29 oktober. Somme tabellar og figurar i rapporten er påverka av manglane.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 39 2024

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

Nedlasting av vasskraft- og vindkraftdatabasen frå API

Kontaktperson

Mathias Nipen

Epost: jmtn@nve.no