Kraftsituasjonen veke 4, 2025
Auka kraftproduksjon i Noreg og høgare kraftprisar i Norden
I veke 4 gjekk kraftprisane opp i Norden samanlikna med veke 3. Sjølv om vekeprisane i Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) gjekk opp, var dei framleis lågare enn i sørlege Noreg. Høge kraftprisar på onsdagen kan forklare noko av årsaka til auken i vekepris. Da var det låg vindkraftproduksjon og låge temperaturar nord i Norden og prisane var mellom 180-240 øre/kWh i fleire timar i alle dei nordiske prisområda. Resten av veka hadde Nord-Noreg stort sett pris under 10 øre/kWh, og vekeprisen enda på vel 20 øre/kWh. Vekeprisen i Midt-Noreg enda på 38 øre/kWh.
Vekeprisane i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) var mellom 76 og 106 øre/kWh. Det var låg vindkraftproduksjon i Norden, Tyskland og Storbritannia første halvdel av veka. Dette bidrog til at det vart enkelttimar med høg kraftpris, før vindkraftproduksjonen tok seg opp frå torsdag.
Høg fyllingsgrad og auka prisar bidrog samstundes til ein auke i vasskraftproduksjonen i heile Noreg. Det medverka til ein høg nettoeksport for årstida.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 4 2025
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.
Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.