Publisert 09.10.2024 , sist oppdatert 11.10.2024

Kraftsituasjonen veke 40, 2024

Kaldare vêr og nettoeksport frå Midt- og Nord-Norge (NO3 og NO4)

Lågare temperaturar i store deler av Norden bidrog til ei auke i kraftforbruket førre veke. I tillegg var det mindre vindkraftproduksjon og framleis relativt låg kjernekraftproduksjon i Sverige og Finland. Desse forholda bidrog til at kraftprisane auka i Norden samanlikna med veka før. Høgare kraftprisar bidrog til høgare produksjon frå vasskraftverk med magasin. Med høgare prisar i Noreg blei prisskilnadene mellom Sørvest-Noreg (NO2) og resten av sørlege Noreg lågare enn det har vore på fleire veker. Vekeprisane enda på 49-54 øre/kWh i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5), 33 øre/kWh i Midt-Noreg (NO3) og 25 øre/kWh i Nord-Noreg (NO4).

Det siste halvåret har Nord-Noreg hatt lågare kraftproduksjon enn tilfelle dei siste 5 åra. Noko av forklaringa på dette har vore ein svak ressurssituasjon samtidig som området kunne importere billig kraft frå Nord-Sverige (SE1 og SE2). Høgare kraftforbruk og -prisar bidrog til at Nord-Noreg hadde den høgaste produksjonen over ei veke sidan april.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 40 2024

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

Nedlasting av vasskraft- og vindkraftdatabasen frå API

Kontaktperson

Mathias Nipen

Epost: jmtn@nve.no