Kraftsituasjonen veke 41, 2024
Høg vindkraftproduksjon bidrog til lågare kraftprisar
Kraftforbruket gjekk opp i heile Noreg i førre veke, blant anna grunna lågare temperaturar. Trass auka forbruk, gjekk dei norske kraftprisane ned. Lågare kraftprisar i Nord-Europa grunna høg vindkraftproduksjon, særleg mot slutten av veka, bidrog til nedgangen. Feil og vedlikehald på fleire av mellomlandskablane avgrensa kraftutvekslinga mellom Noreg og kontinentet. Gjennomsnittlege kraftprisar for veka var 43-46 øre/kWh i Sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) og 19-20 øre/kWh i Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4).
Natt til sundag vart det samanfall av lågt kraftforbruk og høg vindkraftproduksjon. Dette medverka til at ein fekk prisar rundt null gjennom natta i store delar av Norden og Nord-Europa. Vest-Noreg (NO5) og Midt- og Nord-Noreg hadde i same periode litt høgare kraftprisar og full import frå naboområda.
NB: Produksjonsdata for Noreg manglar for delar av veka. Me kommenterer difor ikkje på kraftproduksjonen i Noreg og total kraftutveksling for veka. Somme av figurane og tabellane i rapporten er påverka av manglane.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 41 2024
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.
Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.