Kraftsituasjonen veke 42, 2021
Høg vindkraftproduksjon bidrog til å dempe kraftprisane utover i veke 42
Skiftande vêr skapte stort spenn i kraftprisane i veke 42. Låg vindkraftproduksjon i starten av veka bidrog til enkelttimar med svært høge prisar både i Europa og sørlege deler av Norden. Måndag morgon mellom kl. 8 og 9 var timeprisen i Aust- og Sørvest-Noreg (NO1 og NO2) på 2,55 kr/kWh. Utover i veka tok den fornybare produksjonen i Europa seg opp, noko som trakk ned prisnivået i marknaden. Kombinasjonen av høg vindkraftproduksjon og låg kraftetterspurnad bidrog til at kraftprisane falt mot null natt til onsdag.
Rimeleg kraftproduksjon i våre naboland bidrog til at Noreg importerte meir på alle sine handelsforbindingar sist veke. I veke 42 var norsk nettoeksport på 150 GWh. Dette er det lågaste nivået for en veke sidan starten av mai.
Ein god ressurssituasjon og redusert eksportkapasitet ut av dei nordlegaste prisområda i Norden har bidrege til store prisskilnader mellom nord og sør i løpet av 2021. Prisskilnaden i Noreg auka ytterlegare frå veke 41 til veke 42. Vekeprisen i Midt- og Nord-Noreg var 15,6 øre/kWh sist veke, medan prisen i dei sørlege områda var rundt 100 øre/kWh.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 42 2021 (PDF)
Vassmagasinstatistikk
Framleis auke i fyllingsgrada. Ved utgangen av veke 42 var fyllingsgrada i norske magasin 68,3 prosent. Gjennom veka gjekk magasinfyllinga opp med 0,8 prosenteiningar. Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2001-2020 er 82,4 prosent. Høgaste magasinfylling hadde Nord-Noreg (NO4) med 82,5 prosent, mens Sørvest-Noreg (NO2) hadde lågaste fylling med 57,6 prosent.