Publisert 25.10.2023

Kraftsituasjonen veke 42, 2023

Høgare forbruk og kraftprisar

Høgare forbruk og kraftprisar

I veke 42 var det kaldare vêr og høgare forbruk i Norden enn normalt for denne tida. Medan kraftprisane i Noreg heldt seg nokså stabile gjennom veka, var det store variasjonar i dei andre nordiske landa og på kontinentet. Til dømes varierte prisane i Sør-Sverige (SE3 og SE4) mellom –2,4 øre/kWh og 215 øre/kWh. I gjennomsnitt var kraftprisane i alle områda noko høgare enn i vekene før.

Gjennom veka var kraftprisen i Noreg delt mellom nord og sør, der dei tre sørlegaste prisområda hadde same pris heile veka.

Dei siste to vekene har det vore stor variasjon i gassprisen. Krigen i Midtausten og den uavklara situasjonen rundt gassrørleidninga mellom Finland og Estland har medverka til dette.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 42 2023.

 

Vassmagasinstatistikk

Ved utgangen av veke 42 var fyllingsgraden i magasina i Noreg på 86,1 prosent.  Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 0,6 prosenteiningar.

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Christine Birkeland
Epost: cbi@nve.no