Kraftsituasjonen veke 42, 2024
Mildare vêr og lågare kraftprisar nord i Norden
Kraftprisane fall i dei nordlege prisområda i Norden (NO3, NO4, SE1 og SE2) førre veke. Høgare temperaturar og lågare forbruk, i tillegg til auka vindkraftproduksjon i Nord-Sverige, var viktige årsaker til prisnedgangen. I sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) var vekeprisen 45-47 øre/kWh og tilnærma uendra frå veka før. Nord på kontinentet auka prisane, blant anna grunna lågare fornybar kraftproduksjon. Trass høgare prisar på kontinentet var nettoeksporten frå sørlege Noreg lågare enn veka før.* Dette heng blant anna saman med at kabelen mellom Sørvest-Noreg (NO2) og Storbritannia vart teke ut til planlagt vedlikehald på måndagen. Dette gav 1400 MW mindre utvekslingskapasitet mot Europa.
*NB: Produksjonsdata for Noreg manglar for 11.10-14.10. I denne perioden har vi nytta prognosetal. Somme av figurane og tabellane i rapporten er påverka av dette.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 42 2024
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.
Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.