Kraftsituasjonen veke 43, 2024
Mykje tilsig og vind bidrog til prisnedgong i store delar av Norden
Kraftprisane fall i store delar av Norden førre veke. Det var framleis mildt for årstida i Noreg, og forbruket var tilnærma uendra frå veka før. Samstundes var det meir vind og tilsig som ga høgare uregulerbar kraftproduksjon. I dei nordlegaste prisområda (NO3, NO4, SE1 og SE2) var det ingen timar med kraftpris over 10 øre/kWh i førre veke og vekesprisen enda på 2 øre/kWh. I Søraust- og Vest-Noreg (NO1 og NO5) enda vekeprisen på 27 øre/kWh og var om lag 40 prosent lågare enn veka før. Sørvest-Noreg (NO2) hadde den høgaste prisen i Noreg på 46 øre/kWh, og prisen var tilnærma uendra frå veka før. Lågare vind- og solkraftproduksjon i Danmark og nord på kontinentet bidrog til høgare kraftprisar der, og høgare nettoeksport frå Sørvest-Noreg.
*NB: Produksjonsdata for Noreg manglar for 11.10-14.10. I denne perioden har vi nytta prognosetal. Somme av figurane og tabellane i rapporten er påverka av dette.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 43 2024
Vi oppdaget en feil i tabell 7 som ble oppdatert 07.11.2024
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.
Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.