Publisert 06.11.2024 , sist oppdatert 07.11.2024

Kraftsituasjonen veke 44, 2024

Høgare forbruk, men framleis låge kraftprisar i store deler av Noreg

Temperaturane gjekk ned i Noreg førre veke, noko som bidrog til høgare kraftforbruk. Samstundes kom det mykje nedbør i forbindelse med stormen Jakob . Nedbøren kom på tampen av hausten da vassmagasina allereie hadde høg fylling i påvente av tappesesongen. Magasinfyllinga i Søraust- og Vest-Noreg (NO1 og NO5) er no over 90 prosent.  Kombinert med auka vindkraft i resten av Norden, bidrog dette til prisnedgang i Søraust- og Vest-Noreg. Her var vekesprisen høvesvis 20 og 14 øre/kWh, en nedgang på 30 og 50 prosent frå veka før. Fyllingsgraden i Sørvest-Noreg (NO2) er noko lågare enn dei andre prisområda i sørlege Noreg, og vasskrafta her har betre reguleringsevne. Saman med høg eksport  mot Europa bidrog dette til at prisen var tilnærma uendra i dette prisområdet frå veka før. Vekesprisane nord på kontinentet var stort sett over 100 øre/kWh, og over dobbelt så høg som i Sørvest-Noreg. Midt og Nord-Noreg (NO3 og NO4) hadde ein prisauke, men kraftprisane er framleis blant dei lågaste i Nord-Europa på 4-5 øre/kWh.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 44 2024

Vi oppdaget en feil i tabell 7 som ble oppdatert 07.11.2024

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

Nedlasting av vasskraft- og vindkraftdatabasen frå API

Kontaktperson

Silje Jelsness

Epost: sitj@nve.no