Publisert 13.11.2024

Kraftsituasjonen veke 45, 2024

Mindre vind gav høgare kraftprisar

Det var låg vindkraftproduksjon i dei sørlege delane av Norden og nord på kontinentet førre veke. Danmark hadde lite eller ingen kraftproduksjon frå vind over fleire dagar. Den låge vindkraftproduksjonen førte til auka produksjon frå termiske kraftverk. Slike kraftverk vart prissetjande nord på kontinentet store delar av veka, der prisane låg over 100 øre/kWh store delar av tida. Tyskland fekk ein pristopp på nesten 10 kr/kWh onsdag kveld.

Noreg auka kraftproduksjonen frå veka før grunna høg produksjon frå regulerbar vasskraft, medan kraftforbruket endra seg lite. Noreg fekk dermed høgare nettoeksport trass i at eksportkapasiteten var avgrensa gjennom store delar av veka. Dette gjaldt særleg frå tysdag til laurdag. Gjennomsnittlege kraftprisar vart 8-9 øre/kWh i Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4), 29 øre/kWh i Vest-Noreg (NO5), 41 øre/kWh i Søraust-Noreg (NO1) og 56 øre/kWh i Sørvest-Noreg (NO2).

NB: Overgangen til flytbasert marknadskopling inneber at det er manglar i datagrunnlaget for Figur 14. Figuren er difor ikkje inkludert i rapporten denne veka.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 45 2024

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

Nedlasting av vasskraft- og vindkraftdatabasen frå API

Kontaktperson

Ole Kristian Ådnanes

Epost: okad@nve.no