Kraftsituasjonen veke 46, 2023
Prisauke i nord gav likare kraftprisar i Norden
Veke 46 var prega av kaldt vêr og auka forbruk i heile Norden.
Veka var óg prega av låg vindkraftproduksjon nord i Norden og lågare vasskraftproduksjon nord i Sverige (SE1 og SE2) grunna isleggjing av nokre elvar. Dette bidrog til ein kraftig auke i kraftprisar nord i Norden, på meir enn 80 prosent får veka før.
Isleggjing blir gjort for å unngå problem i drifta på kraftverk gjennom vinteren. Medan dette skjer er det nødvendig å stoppa ein del vasskraftproduksjon i dei respektive elvane. Dette varer nokre dagar og blir gjort kvart år før vinteren. Det trekk normalt opp kraftprisane nord i Sverige og Noreg (NO3 og NO4). Prisauka i nord gav likare kraftprisar gjennom veka mellom nord og sør i Norden.
Samstundes var det ganske høg vindkraftproduksjon sør i Norden og på kontinentet. På kontinentet var det óg varmare enn normalt for årstida noko som heldt forbruket nede. Prisane på kontinentet gjekk litt ned frå veka før. Dette bidrog til at prisane i Norden og på kontinentet vart tilnærma like gjennom store delar av veka, på om lag 1 kr/kWh.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 46 2023.
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.