Publisert 20.11.2024

Kraftsituasjonen veke 46, 2024

Meir fornybar produksjon gav lågare kraftprisar

God tilgang på fornybar kraft bidrog til nedgang i kraftprisane i store delar av Nord-Europa. Søraust-, Vest- og Midt-Noreg (NO1, NO5 og NO3) fekk derimot ein auke i kraftprisane. Dette heng saman med at det var låge prisar i veka før grunna høg vasskraftproduksjon i forbindelse med stormen Jakob. Noreg hadde likevel blant dei lågaste kraftprisane i Nord-Europa. Nord-Noreg (NO4) hadde den lågaste vekeprisen på 5 øre/kWh. I Midt-Noreg var vekeprisen 12 øre/kWh, medan Sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) hadde ein vekepris på 48-55 øre/kWh. Til samanlikning låg vekesnittet i de fleste land i Nord-Europa på mellom 130-144 øre/kWh.

Det var lågare nettoeksport frå Sørlege Noreg samanlikna med veka før. Meir import frå Midt-Noreg og Sør-Sverige (SE3) var blant årsakene til dette. Norden totalt sett auka derimot nettoeksporten mot kontinentet grunna auka vindkraft spesielt i Danmark og Sverige samanlikna med veka før.

NB: Overgangen til flytbasert marknadskopling inneber at det manglar tal for flyt mellom UK og DK1 i datagrunnlaget for Figur 14. Tidlegare viste kartet marknadsflyt, no viser det fysisk flyt.

NB: Det manglar tal for Sverige i Tabell 1 og i Figur 2 for veke 46.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 46 2024

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

Nedlasting av vasskraft- og vindkraftdatabasen frå API

Kontaktperson

Rikke Helene Bækken

Epost: riba@nve.no