Kraftsituasjonen veke 47, 2024
Lågare temperaturar og høgare forbruk i Noreg
Forbruket i Noreg og Norden auka betrakteleg frå veka før, og i Noreg var auka på 14 prosent. Kaldare ver og høgare oppvarmingsbehov er ein viktig årsak til dette. Forbruksauka bidrog til både høgare nordiske kraftprisar og høgare regulerbar vasskraftproduksjon i Noreg.
Sjølv med auke i kraftprisane, ligg prisane i Midt-Noreg (NO3) og Nord-Noreg (NO4) på et lågt nivå. I Midt-Noreg enda vekeprisen på 20 øre/kWh, medan den i Nord-Noreg (NO4) vart 11 øre/kWh. I Sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) steig vekeprisane til 85–98 øre/kWh. Sidan prisane auka meir i sør enn i nord, vart prisskilnadane mellom områda større enn veka før. Høg vindkraftproduksjon bidrog til at vekeprisane nord på kontinentet vart lågare enn førre veke, men låg i snitt framleis på over 100 øre/kWh.
I Finland gjekk to kjernekraftreaktorer ut grunn feil i starten av veka. Samla bidrog det til at om lag 2100 MW var utilgjengeleg. Desse hendingane kan ha bidrege til prisauka i Norden.
NB: Overgangen til flytbasert marknadskopling inneber at det manglar tal for flyt mellom UK og DK1 i datagrunnlaget for Figur 14. Tidlegare viste kartet marknadsflyt, no viser det fysisk flyt.
NB: Forbruksdata for Finland manglar for søndagen 24.11.24. I denne perioden har vi nytta prognosetal. Somme av figurane og tabellane i rapporten er påverka av dette.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 47 2024
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.
Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.