Kraftsituasjonen veke 48, 2024
Varmare vêr og lågare forbruk
Førre veke bidrog varmare vêr til at kraftforbruket gjekk ned i Noreg og resten av Norden. I Noreg gjekk produksjonen ned omtrent like mykje som forbruket, slik at nettoeksporten heldt seg på nivå med veka før. Dette trass i at det var redusert kapasitet på mellomlandskablane til Tyskland og Storbritannia grunna vedlikehald og feil. Dei norske kraftprisane låg på eit jamt nivå størstedelen av tida. Unnataket var ein periode midt i veka kor lågare vindkraftproduksjon i Norden og nord på kontinentet bidrog til ein auke i dei norske kraftprisane. I Sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) gjekk dei gjennomsnittlege kraftprisane ned frå veka før og enda på 54-60 øre/kWh. I Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) auka kraftprisane til høvesvis 14 og 29 øre/kWh.
Vasskraftproduksjonen minka i Nord-Sverige førre veke. Det skuldast at den kontrollerte isleggjinga starta på éi av dei store elvene. Medan dette gjekk føre seg, reduserte elvekraftverka langs vassdraget produksjonen betydeleg. Dette kan ha bidratt til å auke kraftprisane. Kontrollert isleggjing i Nord-Sverige pleier å gå føre seg kvar vinter. Det er venta at fleire elver gjer det same dei næraste vekene.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 48 2024
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.
Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.