Kraftsituasjonen veke 49, 2023
Vedvarande kaldt vêr og høgt kraftforbruk i Noreg
I starten av førre veke hadde store delar av Noreg den kaldaste gjennomsnittlege temperaturen over ein dag hittil i 2023. Dette bidrog til særs høgt forbruk i hele Noreg. Gjennom veka var det periodar med flaskehalsar internt i det sørlege Noreg. I desse timane vart prisane lågare i Sørvest- og Vest-Noreg (NO2 og NO5), enn i resten landet. Tysdag mellom kl. 8 og 9 hadde Søraust-, Midt- og Nord-Noreg (NO1, NO3, NO4) dei dyraste straumprisar i Nord Europa på 387 øre/kWh. Dette var den høgaste timepris i Nord-Noreg sidan desember i fjor. Nord-Noreg hadde likevel den lågaste vekeprisen i Norden, på 116 øre/kWh. Resten av Noreg hadde vekeprisar mellom 121 og 133 øre/kWh.
Det var lite vindkraftproduksjon i Sverige og Finland, men på kontinentet var produksjonen normal for denne tida på året. Dette bidrog til å dekkje noko av auka i kraftforbruket i sørlege Noreg. Storbritannia hadde den høgaste vindkraftproduksjonen over ein veke sidan januar i år, og på torsdag var det ein lang periode med import til Noreg. Sørlege Noreg og Norden hadde netto import over veka som var for første gang i Norden i år.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 49 2023.
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.