Publisert 11.12.2024

Kraftsituasjonen veke 49, 2024

Auka kraftforbruk og høgare kraftprisar i sør

Sist veke bidrog lågare temperaturar til at kraftforbruket auka i heile Norden. Samla kraftproduksjon i Norden gjekk også opp. I Noreg auka produksjonen meir enn forbruket og norsk nettoeksport gjekk derfor opp samanlikna med veka før. Nettoeksporten auka både frå dei sørlege og nordlege områda. Høgare kapasitet på mellomlandskablane til kontinentet kan forklare noko av auken i nettoeksport frå Sørlege Noreg.

Gjennomsnittlege kraftprisar for veka gjekk opp i dei sørlege områda i Noreg til 72, 82 og 59 øre/kWh i høvesvis Søraust-Noreg (NO1), Sørvest-Noreg (NO2) og Vest-Noreg (NO5). I Midt- (NO3) og Nord-Noreg (NO4) fall kraftprisane til høvesvis 28 og 11 øre/kWh.

Onsdag 4. desember mellom kl. 09.00-10.00 fekk Sørvest-Noreg ein pris på 300 øre/kWh, som er den høgaste timeprisen for området så langt i år. I denne timen var det låg vindkraftproduksjon sør i Norden og nord på kontinentet, og høgt kraftforbruk i Sørlege Noreg. Samstundes var det  tilstrekkeleg ledig utvekslingskapasitet på mellomlandskablane til at topplastverka som sette prisane på kontinentet også vart prissetjande i Sørvest-Noreg. Slike situasjonar vil kunne oppstå på kalde vinterdagar med høgt kraftforbruk.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 49 2024

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

Nedlasting av vasskraft- og vindkraftdatabasen frå API

Kontaktperson

Ole Kristian Ådnanes

Epost: okad@nve.no